Elektronisk ID: Sikkerheitsportal, biometri og RFID

Tirsdag 14. mars 2006, kl. 10.00 – 14.00, H-blokka, Akersgt 42, Oslo

Elektronisk ID er det som ”alle” har snakka om lenge. No sikkerheitsportalen på lufta, men med få brukaretatar. Kva skal/bør den bli etterkvart? Er dette ”løysinga” på å få tatt i bruk eID? Bør den bli etterkvart? I sikkerheitsportalen brukar vi PKI. Men kva med biometri? RFID? Kva inneber desse – og andre (nye) teknologiane? Kva kan – og bør dei brukast til? I dag, i framtida? Og kva med brukarvennlegheit personvern? Her mange spørsmål. Nokon av dei håpar vi å få svar på i løpet denne temadagen, viktigast er at alle kan bli litt meir opplyste på området.

Vi startar dagen med det som er i gang – sikkerheitsportalen: «Sikkerhetsportalens formål er å gjøre det enkelt for offentlige etater og kommuner som ønsker å tilby elektroniske tjenester som krever bruk av elektronisk identitet og signatur til sine brukere. Det vil være obligatorisk for alle offentlige etater som har behov for eID/e-signatur å benytte Sikkerhetsportalen. I tillegg er det sterkt anbefalt for kommuner å benytte løsningen.»

Deretter går vi vidare til andre teknologiar og andre bruksområde: Først til Justisdepartementet og deira arbeid med biometri og RFID. Biometri er ein metode for identifisering/verifisering av ID, og blir no tatt i bruk i pass. JD er vidare i oppstarten av eit arbeid med nasjonalt ID-kort. Deretter til Telenor, som driv både utvikling på området generelt, og som er involvert i fleire prosjekt innan det offentlege, bl.a. i helsesektoren – det nye St. Olavs hospital i Trondheim – med moderne autentiseringssystem.

Har du ikkje prøvd ut eID enno? Då kan du betsilla og lasta ned ditt eige person standard-sertifikat til bruk i sikkerheitsportalen. Deretter kan du prøva det ut i praksis i AltInn.

Program

10.00 Sikkerheitsportalen – det nye verktøyet for det offentlege sin bruk av eID og sikker kommunikasjon på internett
v/Sverre Bauck, Brønnøysundregistra – spørsmål og svar

11.00 Aktuelle spørsmål og utfordringar knytt til bruk av biometri som metode for identifisering/verifisering av ID, særleg i pass. Personvernutfordringar, bl.a. knytt til bruk av kontaktlaus brikke, fjernavlesing mv (inkludert RFID-teknologien). Om utgreiingsarbeidet med nytt nasjonalt ID-kort i Noreg
v/Innleiing ved avd.dir. Magnar Aukrust, JD – spørsmål og svar

MANDAT for interdepartemental arbeidsgruppe som skal vurdere nytt nasjonalt ID-kort.

12.00 Lunsj

12.30 Kva moglegheiter gir IKT oss når det gjeld identifikasjon, og korleis kan dette utnyttast i verksemdene våre innan offentleg sektor?
v/Arve Moss, Telenor – spørsmål og svar

13.30 Open diskusjon

Kommentarer er stengt.